Laurdagsgrateng!

Dette er ein deilig rett som kan varierast. I kveld lagde eg den slik at den paste inn i mitt lavkarbo kosthal, men squashen kan gjerne byttast ut med andre grønnsaker, eller til dømes pastaskruer eller potetmos. Godt var det iallefall. her kjem min variant, som eg først såg hos: http://lchf-bloggen.blogspot.com, men eg har forandra litt på den under.

Ingredienser:

1 squash

1 løk

1 fedd kvitløk

olivenolje

salt & pepper

1 boks  hakka tomater

1 laurbærblad

oregano

chilikrydder

1,5 dl mjølk

2 ss rømme

                





    


Dette gjer du:

Sett ovnen på 200 grader.

Kutt squashen i skiver, ha på salt.

Hakk kvitløk og løk. Steik kjøttdeig, kvitløk og løk i ei steikepanne. Tilsett tomat, laurbærblad, oregano, krydder, mjølk og rømme. Kok opp og smak til med salt og pepper.

Kok i ca. 10 minutter. Fisk ut laurbærbladet. Legg squash og kjøttsaus lagvis i forma. Strø over ost tilslutt. 30 min i ovnen.

                                                          

                                                                        
                                      


Én kommentar

malin

16.mar.2011 kl.14:20

Tror dette blir dagens middag :)

Skriv en ny kommentar

mimmi87

mimmi87

23, Askøy

Småbiter frå mitt liv! Spesielt vil bloggen handle om kattane våre, musikk, foto og matlaging =)

Kategorier

Arkiv

hits