Kattebad før utstilling

I dag har vore ein dag full av innhald!
Først var eg på Flesland for å hente eine bror min, som kom for å besøke oss her nede. Skikkeleg kos!
Deretter var vi å handla litt, og så for vi til tanta mi for å bade katter! For ein jobb!!!
6 kattar stod for tur.

Fredag reiser vi til Ålesund for å gå på utstilling med 5 av hennar Main Coon kattar, og min kjære Siara, - Norsk Skogskatt.

Dette blir Siara sin første utstilling, og ho stiller i kattungeklassen(klasse 12) , då ho berre er 5 månader gamal, i kategori 2 saman med main coon, hellig birma m.f, og gruppe 6 ( gruppe går på fargen på katten). Siara er blåskilpadde med kvitt ;) Skilpadde betyr at det er 3 farger i pelsen, blå betyr omtrent grå ;)
Blir veldig spanande å sjå kva dommarane seier om babyen min ;) Men vi synes ho er best uansett!

Her er nokre bilder frå idag!






NYbada og tørr, men veldig sliten!



5 kommentarer

Bella

03.sep.2010 kl.01:07

haha, alltid like morsomt å se hvor tynne katter faktisk er når de får vann i pelsen :) Ble ren og pen da, nydelig katt!

mimmi87

03.sep.2010 kl.01:13

Bella: Takk, ja ho er nydeleg!! ;)

Ja, alle våte katter ligner på slike naken katter!!

Hanne Young

03.sep.2010 kl.01:18

Nommin, søteste <3
Å så skjønne da..

Minaaa

16.okt.2010 kl.23:09

Utrolig fin blogg <3

Skriv en ny kommentar

mimmi87

mimmi87

23, Askøy

Småbiter frå mitt liv! Spesielt vil bloggen handle om kattane våre, musikk, foto og matlaging =)

Kategorier

Arkiv

hits