Damsgårdsfjellet og tunfiskwrap!

I kveld, i deilig sumarver (vel det kunne vore varmare når vi har passert midten av juni) tok vi turen til Damsgårdsfjellet. Første gong eg har besteget fjellet! Og det kan anbefalast. Det var noko bratt, men vi brukte berre 30 minutt, folk som er i betre form hadde nok brukt kortare tid!
Det er ein flott utsikt, men det var ein flottare tur til Lyderhorn.

Hadde eg hatt eit betre kamera kunne ein sett kor nydeleg det eigentleg var, men Fujifilm er betre enn ikkje noko! ;)     




                          


                             




Til kvelds fortente vi noko sundt, nytt og godt! Så vi endte opp med Tunfiskwraps! Og til alle dykk der ute som er skeptisk på fisk, dette var faktisk godt!! =)

Oppskrift: (2porsjonar)
*2 bokser tunfisk i vatn
*Cherrytomater
*1 boks mais
*1 boks salatbønner
*Creme Fraishe
*Salsa saus
*1 paprika
*1 lauk
*Wraps med smak
*Krydder
*evt anna salat etter ønskje

Bland tunfisken med 1 ts cayennepepper, 2 ts kvitlauksalt, salt og pepper. Hakk opp resten av ingrediensene og bland dem. Varm wrapsen og ta på tunfiskblandingen, salat, salsa og creme fraishe.

Bon appetitte!! =)

                 



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

mimmi87

mimmi87

23, Askøy

Småbiter frå mitt liv! Spesielt vil bloggen handle om kattane våre, musikk, foto og matlaging =)

Kategorier

Arkiv

hits