Ny veke - ingen ferie!

Så var ei arbeidshelg med nattevakter straks over. Tenkjer på senga, kor deilig det hadde vore å lagt seg under ei varm og tjukk dyne. Men neida, her må ein vere ansvarsfull og pliktoppfyllande. Skulen kallar! Praksis er overstått, og skulekvardagen er der enno. Informasjon om heimeeksamen er verdt å få med seg, og tirsdag blir det gjennomgang/repetisjon av medikamentregning før eg skal ha sjølve prøven på onsdag. Så bører det tilbake på nattevakt ei natt. På ny avdeling, det kan bli spanande!

Så var det heimeeksamen då.. Hjelpes. 4500 ord. Og denne bør bli bra! Treng sårt ein god karakter! Målet er å bli ferdig før fristen som er på fredag, så kan mammo få sjå gjennom den, for eventuelt å rette på noko, og få ein annan meining om. ;)

Ja, det vert ei travel veke! Håper på festligheter med venniner til helga, så eg har noko flott å sjå fram til! =)

5 kommentarer

AnneMariell

14.jun.2010 kl.07:17

Lukke til med heimeeksamen, du fiksar det nok lett. går du sjukepleien, eller vernepleien kanskje ? Sjølv har eg min siste eksamen på Fredag, og gler meg som eit lite barn til å verta ferdig. :)

Yvonne Weldingh

14.jun.2010 kl.07:44

Lykke til med eksamen og nattevakt :)

Silje Dale

14.jun.2010 kl.08:28

Lykke til med eksamen da! :)

L & C

14.jun.2010 kl.09:53

Lykke til med eksamen :-))

mimmi87

20.jun.2010 kl.22:20

AnneMariell: Håper din eksamen også gjekk bra. Ja eg går på sjukepleien =)

Skriv en ny kommentar

hits