Reiser til Houston - Texas!!

Kjenner no at eg byrjer å få reisefeber! Eg har aldri før reist så langt, og no skal eg heilt til Texas! JIPPI! Gleda meg utruleg mykje til å koma fram.

Fredag er planen å gå på Alan Jackson konsert, og eg kan ikkje få sagt nok kor mykje eg gleda meg til akkurat det! Heilt sidan eg var sekstan år har eg hatt lyst til å sjå han live på heimebana. Det blir berre heilt kanon!

 

Norsk skogkatt!

Nokre av dykk har kanskje fått med dykk at eg er veldig glad i kattar, og då spesielt den norske skogkatten. Men kven er no denne skogkatten då? ;)

HISTORIE

Så langt tilbake som 1500-talet har vi kjent skogkatten, og då gjennom folkeeventyra som "trollkatten" eller "huldrekatten". Den gangen var katten tillagt magiske eigenskapar, og det var mange myter knytta til katten. Til dømes trudde ein at katten var eit resultat av ei kryssing mellom gaupe og katt.

Etterkvart gjekk skogkatten over til å bli ein gardskatt, der jobben var å halde garden rein for mus, noko som den tøffe skogkatten håndterar utmerka! Mange gangar i historia har skogkatten vore utrydningstrua, mykje fordi den har vore blanda med huskatt.

I 1977 fekk Norsk skogkatt status som internasjonal godkjend rasekatt. Den har blitt meir og meir ettertrakta, og fins no i alle verdsdelane!

Noregs nasjonalkatt

Norsk skogkatt er Noregs nasjonalkatt, - ein katt med herleg gemytt, er leiken og familievenleg, og krever lite pelsstell. Skogkatten er ein naturkatt med eksepsjonelle kvaliteter innen musefanging, men trives også veldig godt innendørs.

Utsjånad

Norsk skogkatt er ein såkalla semilanghårskatt. Katten skal vera stor og kraftig bygd. Vera høgbeint, og ha svære poter og buskete lang hale. Pelsen er dobbel med ein overpels som er vatnavstøtande. Ein fullvaksen katt skal ha stor krage, kinnskjegg, skjortebryst og nikkers. Pelsen er mindre om sumaren enn om vinteren. Alle fargar unntatt sjokoladebrun, lilla, kanel og alle former for maser (siameserfarge) er tillatt.

Hovudet til katten skal vere trekanta, katten skal ha rett profil og god hake. Store ører, med gaupetufser. Augene skal vere skråstilte og blikket skal vere "vilt".

Skjema for utsjånad, som katten bedømmast etter på utstilling:

Generelt Størrelse Stor
Hode Form Trekantet, hvor alle sider er like lange; med god høyde sett i profil
Pannen lett rundet, lang og rett profil uten stopp eller dip
Hake Fast
Ører Form Store, med god bredde ved basis, spisse, med gaupetufser og lange hår ut av ørene.
Plassering Høyt og åpne, slik at ørenes ytterlinje følger hodets linjer ned til haken.
Øyne Form Store og ovale, godt åpne, lett skråstilte.
Uttrykk Våkent og vilt uttrykk.
Farge Alle farger tillatt, uansett pelsfarge.
Kropp Struktur Lang, kraftig bygget, solid benbygning.
Ben Sterke, høybent, bakbena høyere enn forbena.
Poter Store, runde, i proporsjon til bena.
Hale   Lang og busket, bør rekke minst til skulderbladene, men fortrinnsvis til nakken.
Pels Struktur Semilang. Den lodne underpelsen dekkes av en glatt, vannavstøtende dekkpels som består av lange, strie og blanke hår som dekker ryggen. En fullpelset skogkatt har krage, skjortebryst og nikkers.
Farge Alle farger er tillatt, også alle farger med hvitt, unntatt maskefarger og sjokolade, lilla, kanel (cinnamon) og fawn. Alle mengder hvitt er tillatt, dvs. hvitt bliss, medaljong, hvitt på bryst, poter etc. Fargen skal være klar.
Feil Generelt For små og spedbygde katter.
Hode Rundt eller firkantet hode, profil med knekk (stopp).
Ører Små ører, plassert for langt fra hverandre eller for tettsittende.
Ben Korte ben, tynne ben.
Hale Kort hale.
Pels Tørr pels, klumper eller knuter, for silkemyk pels.

 Kjelde: http://norskskogkattring.no/




 Pans Truls - Norsk skogkatt sin stamfar!

 

Katteutstilling 19.februar

19.februar var eg på katteutstilling i Bergen. Berak (Bergen rasekattklubb) arrangerte. Vår nydelege Siara var meldt på og skulle stillast ut, mens lille Nelly berre vart med som selskapskatt. Nelly klarte seg kjempegodt på utstillinga. Ho var roleg og grei heile dagen. Siara fekk som vanleg (skryte skryte) ros av dommaren for sin sterke beinbygning, nydelege pels og den flotte størrelsen! Sidan Siara var over 10mnd stilte ho for første gong i voksenklassa, og ho vant sitt første cert!! HURRA! ;)

 

                                           

    
                                                             Siara koser seg i utstillingsburet ;)



                                                                Siara er framme til bedømming.


        
                                                                   Nelly og Siara koser i utstillingburet =)


                                   
                                                            Utstillingsbur med heimalaga burpynt ;)

Laurdagsgrateng!

Dette er ein deilig rett som kan varierast. I kveld lagde eg den slik at den paste inn i mitt lavkarbo kosthal, men squashen kan gjerne byttast ut med andre grønnsaker, eller til dømes pastaskruer eller potetmos. Godt var det iallefall. her kjem min variant, som eg først såg hos: http://lchf-bloggen.blogspot.com, men eg har forandra litt på den under.

Ingredienser:

1 squash

1 løk

1 fedd kvitløk

olivenolje

salt & pepper

1 boks  hakka tomater

1 laurbærblad

oregano

chilikrydder

1,5 dl mjølk

2 ss rømme

                





    


Dette gjer du:

Sett ovnen på 200 grader.

Kutt squashen i skiver, ha på salt.

Hakk kvitløk og løk. Steik kjøttdeig, kvitløk og løk i ei steikepanne. Tilsett tomat, laurbærblad, oregano, krydder, mjølk og rømme. Kok opp og smak til med salt og pepper.

Kok i ca. 10 minutter. Fisk ut laurbærbladet. Legg squash og kjøttsaus lagvis i forma. Strø over ost tilslutt. 30 min i ovnen.

                                                          

                                                                        
                                      


Heimelaga lavkarbo-is!

Det er laurdag, og noko godt må man kunne unne seg! Dermed leita eg fram ein oppskrift på heimelaga iskrem.  Herleg aleine, betre ilag med varme bringebær eller sjokolademuffins!

Ingredienser:

*3 eggeplommer

*1 Vaniljestang

*1ss strøsøtningsmiddel

*1 pakke fløte

 

                    


 



Dette gjer du:

Skill plommen frå eggekvita. Skjær vaniljestanga på langs, og skrap utav frøa. Visp saman eggeplommer og vaniljefrø. Pisk kremfløten stiv ilag med sukkererstatninga. Vend eggeblandinga forsiktig inn i kremen. Sett kremen så i kjøleskapet i nokre timar.

Du kan variere kva slags smak du vil ha på isen.

Andre døme er:

*2 ss funlight saft

*sjokoladebiter (86%)

*bær

Server gjerne med varme bringebær!

                            

Deilig ostekake!

Her er ei nydeleg ostekake som eg fann oppskrifta på i ei kokebok eg hadde langt inni skapet ;) Anbefales verkeleg. Inneheld IKKJE sukker (bortsett fra bunnen), og like karbohydrater!

Ingredienser:

Bunn:

*1 pakke grove kjeks (t.d. Bixit, Digestive)

*150 g smør

Fyll:

*1 boks Snøfrisk

* 1 boks naturell kremost

*1 boks creme fraiche

*1 pakke fløte

*1 dl strøsukererstatning

* 10 gelatinplater

*3 ss fun light eple/pære saft (eller ein anna smak)

 

Lokk:

*4 dl vatn

*1 dl fun light bringebær (evt jordbær)

*6 plater gelatin

Dette gjer du:

Sett frem alle ingrediensene, - dei skal vere romtemperert. Saften blir bitter ved oppvarming så den skal ikkje tilsetjast i varm gelatinblanding,- vent til den er lunken.

Knus kjeksene. Gjerne i ein pose, og rull over med kjevle, om du ikkje har kjøkkenmaskin. Bland knuste kjeks med smelta smør og hell blandingen oppi ein ringform,- 23-28 cm diameter.

Rør ostane saman med creme fraiche. Visp fløten stiv, saman med sukkererstatningen.

Legg gelatinplatene i kaldt vann i 5 min, for så å legge dei i 1 dl kokande vatn. Kjølne, tilsett saften. Bland deretter saftblandingen med ostemassen, før du tar i kremen. Hell massen over bunnen og sett i kjøleskapet i ca 3 timar.

Lokk: Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 5 min, legg dei deretter i 2 dl kokande vatn. Tilsett 2 dl vatn. Avkjøl, ha så i 1 dl fun light. Når blandingen begynner å tykne,- hell over kaka.

Server når lokket er stivt! =)

Kaken inneholder 10gram karbo, sett bortifra kjeksbunnen. Dvs at dei som er på lavkarbo/ketolysekur ikkje skal ete bunnen.

 

                                               


Lett nattmat!

Når ein er på nattevakt er må ein nesten ha eit lite måltid!



Ein enkel salat med aguk og tomat, ei skive Serranoskinke og litt rømme. MmM!

Følge min blogg på bloglovin?

Om du vil trykk her:

<a href="http://www.bloglovin.com/blog/2416152/mimmi87?claim=9q2tm5vfh7w">Follow my blog with bloglovin</a>

Siara i snøen

Her er nokre bilete av min skjønne Siara som er ute i vind og snø for ein liten månad sidan!







Fin, ikkje sant? ;)

Nelly har fått ny leike!!!

I dag fekk Nelly ny leike av den snille naboen! Og ho er heilt i ekstase. Berre sjå kor ho kosar seg:














                                             

                             

                               

Som dykk ser fall denne leiken verkeleg i smak hos den lille akrobatiske sjarmøren!

Les mer i arkivet » Mars 2011 » November 2010 » Oktober 2010
mimmi87

mimmi87

23, Askøy

Småbiter frå mitt liv! Spesielt vil bloggen handle om kattane våre, musikk, foto og matlaging =)

Kategorier

bloglovin

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits